Årsmøte 2020 

 

På grunn av tiltak knytt til forebygging av spreiing av koronaviruset, har styret i NFKS sett oss nøydde til å avlyse årsmøtet. Vi vona i det lengste å kunne bruke OsloMet sitt tilbod om å gjennomføre årsmøtet over internett, men OsloMet har stengt all drift og det vert difor ikkje mogleg for oss å få gjennomført årsmøtet.

Utsetjinga av årsmøtet vil gjere at vi ikkje vil avhalde årsmøtet innanfor fristen, jmf vedtekene våre. Vi bed om forståing for at vi ikkje får til dette i den ekstraordinære situasjonen vi er i no. Når situasjonen er meir avklart, vil vi gjere eit nytt forsøk på å arrangere årsmøte. Dei som har betalt for fest, vil få pengane tilbake.

Sjølv om vi utset årsmøtet og årsmøteseminaret, vel vi likevel å sende ut årsmøtedokumenta jmf vedtekene. I vedleggene vil de finne oppdatert årsmelding og styret sitt forslag til valkomite.

I tillegg har vi, etter førespurnad frå medlem, utarbeidd eit meir grundig dokument som viser meir tydeleg korleis styret har disponert midlene til foreningen siste år.

Har de spørsmål, er de velkomne til å ta kontakt.

Ta vare på kvarandre og vask hender!

Helsing,

Styret i NFKS

::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::

Årsmelding:/cms/clubklinisksexologi/ClubImages/Aarsmelding_NFKS_2019_1.docx

Regnskap og budsjettforslag 2020: /cms/clubklinisksexologi/ClubImages/regnskap_2019_og_budsjett_2020.docx

Etiske retningslinjer: /cms/clubklinisksexologi/ClubImages/Etiske_retningslinjer_2020.doc

Reisestipend: /cms/clubklinisksexologi/ClubImages/Forslag_Retningslinjer_for_soknad_om_reisestipend_2020.doc

Vedtektsendringer: /cms/clubklinisksexologi/ClubImages/Forslag_vedtektsendringer.doc

Valgkomiteens innstilling: /cms/clubklinisksexologi/ClubImages/Valgkomiteens_innstilling.pdf

NFKS arb.plan 2020: /cms/clubklinisksexologi/ClubImages/Forslag_ arbeidsplan_2020.doc